Kraftmuseet

Velg språk

Søk

Meny

Anna Schaathun

f. Haugen, ei driftig forretningskvinne. (1884 - 1926)

 

av Brita Jordal

Anna var ein kvinneleg gründer i det nye Odda. Ho heiv seg på bølgja i 1914 då Odda var inne i den store vekstperioden. Folk flytta til Odda, organisasjonslivet var etablert, Losje Folgefonn hadde eige hus, Folkets Hus sto ferdig til bruk om hausten og Murboligen og Handelshuset var under bygging. Det formeleg kokte av aktivitet i sentrum.

Anna starta klesbutikk eller manufakturforretning som dei sa den gong. Det moderne forretningsbygget "Vinkelgården" i Røldalsvegen var nytt i 1913 og Anna leigde av Svåsand og Bredal. Her starta ho firmaet ANNA HAUGEN. - Det spesielle huset med mansardtak står framleis i Gågata og vi kan handla klede der.

 

Motivasjon

Anna starta firma då ho var 30 år. Berre 16 år etter døydde ho. Ingen har skrive livshistoria hennar og vi veit ikkje sikkert kva ideal og motivasjon ho hadde. Ho vaks opp ved kaien i Sævareid i Strandvik kommune, -eller Fusa i dag. Dette var i den tida då bygdene ved fjordane fekk faste båtruter og det kom lokale firma og liv og røre rundt kaien. Strandvik hadde mange småbedrifter. Faren var gardbrukar og dreiv i tillegg fiske med notbruk. Broren Hartvig starta butikk på heimstaden i 1901, men overlet han til broren Paul som tok handelsutdanning ved Treider handelsskole i Oslo og starta P. H. Haugen landhandel i 1904. Anna var då 20 år. Kanskje lærte ho handel her? Eller kanskje budde ho i Bergen ei stund og var i arbeid der? Ho såg i alle fall at det gjekk an å skapa sin eigen arbeidsplass når kundegrunnlaget var på plass.

 

Organisasjonsarbeid og ideal

Ungdommen i Strandvik møtte påverking frå ulike kantar. Då Anna var ung var det periodar med religiøs "vekkelse" og bygda var på ein måte delt i to. Anna høyrde til "dei skikkelege" og var medlem i Losje Høgsumar av IOGT, stifta 1905. Losjen var truleg den største kulturberaren av alle organisasjonane i bygda. I Odda melde ho seg inn i Losje Folgefonn som var stifta 1907. Losjen var med i IOGT-organisasjonen som arbeidde for at folk skulle halda seg borte frå alkohol og rus. Målet var eit "edrueligt Noreg".  Losjen Folgefonn hadde nytt, stort forsamlingshus på Bakke. Losje Folgefonn hadde og ei stor fane med symbol som viser at IOGT er internasjonal, at samhald og likeverd er viktig, at tru, håp og kjærleik er ideal og at Gud er med.

 

Ei dyktig forretningskvinne

Anna etablerte klesbutikk for både damer og menn, - "dame- og herre-konfeksjon" heitte det den gong. Ho venta med å gifta seg til ho var 33 og hadde eit godt etablert firma. Då ho inngjekk ekteskap, fekk ho medgift heimanfrå og investerte pengane til å kjøpa huset, - først halve, så resten. Slik eigde ho både drift og eigedom og hadde full kontroll. Familien budde i andre etasje og i første opna ho veggen mellom dei to butikklokala for å driva meir effektivt. Ho var dyktig i faget sitt og ville følgja opp kundane. Klesbutikkane hennar var dei beste i Odda.

Odda og Tyssedal hadde stor tilflytting av folk frå 1906 då anlegga på fabrikken og kraftstasjonen starta. Folketalet vaks fort inntil det kulminerte for ein periode då smelteverket fekk problem og sidan gjekk konkurs i 1921. Folk hadde lite å handla for. Men Anna dreiv butikken målretta, prøvde sjå framover og annonserte i lokalavisa.

Anna med butikkjentene sine
Anna framfor butikken sin i Vinkelgården saman med jentene som arbeide for ho. Foto: NVIM

 

Odda Handelstandsforening

For hundre år sidan var næringslivet bygd opp av spesialforretningar og Odda fekk mange butikkeigarar. Nokre  gjekk i 1912 saman i Odda Handelsstandsforening for å styrka interessene sine. Aktiviteten var svært variabel. Truleg var ikkje Anna med. Kanskje synest ho ikkje foreininga fungerte eller ho kjende seg ikkje heime der.

 

Frå suksess til sorg for familien

Anna gifta seg i 1917 med Ingolf Schaathun frå Bergen. Sjølv skifta ho namn, men firmaet heldt fram som Anna Haugen. Ingolf er registrert med tittelen kolonialhandelsstyrar i klokkarboka då dei gifta seg i 1917. I protokollen for Losje Folgefonn er han omtala som ØT (øverste templar) i 1916. Ho er innført som Anna Haugen i 1916 og Anna Schaathun i 1917.

Anna og Ingolf
Anna med mannen sin Ingolf. Foto: NVIM

Dei fekk først tvillingar og seinare fire born til. Mora kom til Odda i periodar for å hjelpa ho med alt arbeidet. Men sjukdom snudde livet hardt og brutalt for Anna og Ingolf. I desember 1926 døydde ho frå seks små barn. Det var gravferdssamling i Losjehuset på Bakke, men Anna vart gravlagt i Strandvik kyrkje. Mange oddafolk følgde båra ned til båten ved kaien og tok farvel med ei framståande kvinne.

 

Elsket og savnet

Eit konkret minne som framleis finns etter Anna i bybiletet i Odda, er opninga mellom butikklokala i Vinkelgården. Eit anna og meir talande minne står på kyrkjegarden i Strandvik. Gravsteinen er plassert i ein minnelund. Vi veit at sambygdingane var kry av ho fordi ho gjorde det bra i Odda. Gravsteinen er truleg tatt vare på fordi han merkar seg ut med ei uvanleg lang påskrift, - heile teksten frå dødsannonsa med namn på mannen og alle borna er hoggen inn i den kvite marmoren. - ELSKET OG SAVNET står det på gravsteinen.

 

Kjelder:

Kari Tvedt Torkelsen: Ingeborg Schaathun og den første barnehagen i Odda. Odda i manns minne, nr 13, 2004. S 76 - 77.

Odda og Tyssedal Handelstandsforening. 40-årsjubileum 1912 - 1952. Olav Kolltveit m.fl.

Digitalarkivet. Klokkerbok for Odda prestegjeld, Odda sokn 1915-1940

Det norske næringsliv. Hordaland Fylkesleksikon. 1952

Olav Kolltveit: Odda og Tyssedal Handelstandsforening, 1912 - 1952.

Anders Gjerde: Fråhaldslosjane i Odda. NVIM nettsider og i Hardanger, Hardanger Historielag 2012

Samtale med Kjersti Haugen og Anne Frøland, f. Haugen. Opplysningar frå Bjørn Inge Schaathun.

Arkiv OLA/91 Losje Folgefonn ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no

 

Gå til webversjonen